Om Oss
Naturleg Aktiv AS er eit selskap stifta av Øystein Hesjedal, Einar Dons Brath og Rasmus Endre Bø. Vi driv Stryn Leirskule og aktivitetsfritidsordninga Gje Gass, som er eit tilbod for barn i 1. og 2. klasse. Her skal barna lage mat, leike, gå turar og oppleve meistring i naturen.
I tillegg legg vi til rette for naturopplevingar med utgangspunkt i Nordfjord Fritidssenter der vi held til. Her har vi 60 sengeplassar og tar i mot besøk frå bedrifter, familiar, vennegjengar, idrettslag, organisasjonar m.m.

Vi jobbar etter verdiane; naturleg, aktiv og humor. Målet er å tilrettelegge for aktivitet, god helse, trivsel og læring med naturen som leikeplass.