Haust – Vår
OM STRYN LEIRSKULE
Stryn Leirskule ligg i naturskjønne omgjevnader på Nordfjord Fritidssenter, 20 minutt utanfor Stryn sentrum. Omringa av fjell, langrennsløyper, hoppbakkar, elvar og fjellvatn er det enkelt å finne utfordringar og få meistringsopplevingar. Tilknytt leirskulen har vi laga ein villmarksleir med gapahuk og grillplass, samt ein spanande og utfordrande aktivitetspark. Hos oss skal alle bli møtt med respekt og likeverd. 
Våre erfarne lærarar er opptatekne av tryggleik og viser omsorg og engasjement for elevane. Frå frukost til kvelds er det minst ein ansatt frå leirksulen tilgjengeleg.

Vi har 60 sengeplassar fordelt på tre bygg berre nokre meter frå kvarandre.

NYHET 2019 - HYDLAPARKEN KLATREPARK



Sjå film frå Stryn Leirskule haust/vår her
Her kan du sjå film frå Stryn Leirskule hausten 2016




Kven jobbar på leirskulen?
Øystein Hesjedal og Einar Dons Brath arbeider på leirskulen og er tilstades frå frukost til kvelds gjennom heile besøket. Dei er begge utdanna lærarar innanfor idrett, fysisk aktivitet og helse, samt samfunnsfag og praktisk pedagogisk utdanning. 
Øystein og Einar brenn for å skape gode opplevingar med naturen som utgangspunkt. Dei erfarne lærarane er opptekne av tryggleik og viser omsorg og engasjement for elevane. 

Dette er gutar som strekk seg langt for at elevar og lærarar skal oppleve leirskulen som ein fantastisk plass å vere. 

Program

Måndag: 
Elevane blir møtt med varm lunsj når dei kjem til Nordfjord Fritidssenter. Etter mat går vi gjennom program, reglar og generell info om veka. 
Første utflukt går til hoppbakken. Her skal elevene ha ulike samarbeidsøvelser samt skyte med pil og bue. Det blir også kurs i kart og kompasss
På kvelden kan elevane spele bordtennis, kort, brettspel eller berre nytte tida til å verte betre kjent.

Tysdag
”Survive”
Elevane skal finne postar, samle poeng, berekne tid og ikkje minst samarbeide og hjelpe kvarandre. Dei skal bruke kart og kompass, og lage mat på stormkjøkken. For å ”overleve” dagen må gruppene samle inn eit visst antall poeng. Heile dagen går føre seg i vakker natur i fjellet bak leirskulen. Dette er ein dag som gir stort engasjement og mykje læring. 
På kvelden blir det diskotek. 

Onsdag: 
«Farmen»
Denne dagen er vi i Sagedammen som husar ei gammal oppgangssag, eit gammalt høvleri, ei gammel smie og ei etterlikning av ein gammal steinovn. I løpet av dagen skal elevane få separere mjølk og fløyte, kinne smør, smi jern, besøke eit lite museum og bake pizza i steinovnen. Er veret fint kan elevane bade, padle kajakk og besøke Baggehola. Ein lærerik og hyggeleg dag der fleire av dei lokale innbyggarane bidreg med sin kunnskap og sine historier. 

Torsdag
Vi besøker nyheten Hydlaparken.
Klatreløypene i Hydlaparken har ulik vanskegrad, frå lett til krevjande. Vi har 7 løyper merka oransj, grøn, blå og raud. Alle løypene har namn etter fjella rundt parken. Favoritt er den grøne løypa som følgjer elva sørøst for moreneryggen. Tett på naturen og elvebruset.
Høgdekravet til dei ulike fargane på løypene er:
Oransje: over 80 cm.
Grøn: over 110 cm.
Blå: over 110 cm.
Raud: over 140 cm.
Tilbodet gjelder for dei som besøker Stryn Leirskule haust, sommar og vår.

Fredag: 
På heimreisedagen pakker vi sakene våre og ryddar opp etter moroa. Deretter går vi opp i hoppbakken og akar i plastbakkane. Ein stor og ein liten bakke ventar på deg. Alle må ha hjelm, for om Øystein og Einar vatnar bakkane godt, får ein stor fart! Dette er ein fin avslutning på ei lang veke med mange minner og opplevingar.

Kvifor Stryn leirskule?
- Variert og tilpassa program som passar for alle
- Tett oppfølging av leirskulelærarar som legg ned all sin tid for å skape gode opplevingar for alle
- Fantastisk natur frå fjord til fjell
- Blant landets rimelegaste leirskule
- Ein leir med læring

Kontakt oss:
Naturlegaktiv.no
post@naturlegaktiv.no
Tlf: 90506157

Bildegalleri: