Vinter
Om Stryn Leirskule
Stryn Leirskule ligg i naturskjønne omgjevnader på Nordfjord Fritidssenter, 20 minutt utanfor Stryn sentrum. Omringa av fjell, langrennsløyper, hoppbakkar, elvar og fjellvatn er det enkelt å finne utfordringar og få meistringsopplevingar. Tilknytt leirskulen har vi laga ein villmarksleir med gapahuk og grillplass, samt ein spanande og utfordrande aktivitetspark. Hos oss skal alle bli møtt med respekt og likeverd. 
Våre erfarne lærarar er opptatekne av tryggleik og viser omsorg og engasjement for elevane. Frå frukost til kvelds er det minst ein ansatt frå leirksulen tilgjengeleg.

Vi har 60 sengeplassar fordelt på tre bygg berre nokre meter frå kvarandre. 
Her kan du sjå ein liten film fra topptur vinter 2017



Kven jobbar på leirskulen?
Øystein Hesjedal og Einar Dons Brath arbeider på leirskulen og er tilstades frå frukost til kvelds gjennom heile besøket. Dei er begge utdanna lærarar innanfor idrett, fysisk aktivitet og helse, samt samfunnsfag og praktisk pedagogisk utdanning. 
Øystein og Einar brenn for å skape gode opplevingar med naturen som utgangspunkt. Dei erfarne lærarane er opptekne av tryggleik og viser omsorg og engasjement for elevane. 

Dette er gutar som strekk seg langt for at elevar og lærarar skal oppleve leirskulen som ein fantastisk plass å vere. 

Program

Måndag:
Elevane blir møtt med varm lunsj når dei kjem til Nordfjord Fritidssenter. Etter lunsjen går vi gjennom program, reglar og generell info om veka. Første aktivitet er skileik utanfor senteret. Her blir vi kjent med kvarandre før vi går ein liten tur mot Sølvbergstøylen. Etter middag har vi open eit lite skitrekk rett utanfor senteret for dei som ønsker å øve meir. Skiløypene ligg klare, og med god belysning er det gode moglegheiter for langrenn, aking, hopp og leik rundt leirskulen. 

Tysdag:
«Survive»
Elevane skal finne postar, samle poeng, berekne tid og ikkje minst samarbeide og hjelpe kvarandre. Dei skal bruke kart og kompass, og lage mat på stormkjøkken. For å ”overleve” dagen må gruppene samle inn eit visst antall poeng. Heile dagen føregår i vakker natur i fjellet bak leirskulen. Dette er ein dag som gir stort engasjement og mykje læring. 

Onsdag:
Wintergames
Med base i hoppbakken skal vi lage til leikar og konkurransar som vil utfordre balanse, samarbeid, tøffheit, koordinasjon og ikkje minst lattermusklane. Både ski og akebrett, luftgevær, spiker og hammar, penn og papir vil bli brukt for å løyse oppgåvene. Vi garanterer at alle skal føle meistring og glede denne dagen. Det er musikk på anlegget, felles innmarsj og ein kommentator i tårnet som lager god stemning på sletta! Har du prøvd menneskecurling på ski? Berre å glede seg!

Torsdag:
Topptur
Denne dagen prøvar vi oss på Bergsetnakkjen som ligger 1133 moh. Ein flott tur som ved fint vær gir ei fantastisk utsikt og ei herleg meistringsoppleving. På tur ned blir det premie om du ikkje trynar før du kjem tilbake på leirskulen. Dei som vil gå ein mindre krevjande tur, går til Nåsekleiva som byr på fine spor heilt ut og ei flott utsikt utover Nordfjorden. 
På kvelden blir det pizza i villmarksleiren, song frå leirskulelærarane rundt bålet og overnatting for dei som vil. 

Fredag:
På avreisedagen startar vi dagen med zipline som ligg ved villmarksleiren. Etter litt action og leik må elevane rydde og pakke sakene sine før lunsj og avreise. 

Kvifor Stryn leirskule?
- Variert og tilpassa program som passar for alle
- Tett oppfølging av leirskulelærarar som legg ned all sin tid for å skape gode opplevingar for alle
- Fantastisk natur frå fjord til fjell
- Blant landets rimelegaste leirskule
- Ein leir med læring

Kontakt oss:
Naturlegaktiv.no
post@naturlegaktiv.no
Tlf: 90506157

Bildegalleri: