Utleige
På Nordfjord Fritidssenter har vi tre bygg tilgjengeleg for leige, og eit barnevennleg og trivelig uteområde midt i naturen. Det er anledning for å leige heile anlegget eller deler av det. Her fylgjer litt meir informasjon om dei ulike bygga.

Vangenstova
Vangenstova vart bygd i 1994, og overnattingsromma blei pussa opp i 2010. Her er festsal, opphaldsrom, aktivitetsrom, garderobar og badstover.
Det er fire familierom, kvar med ei familiekøye og ei vanleg køye. I tillegg er det ein hems på kvart rom med plass til to personar. Det er med dette plass til sju personar på kvart rom. Felles bad med dusj finn ein på gangen.







Hytta
Hytta blei bygd i 2011 og har høg standard. Tre soverom på hovudplanet og to soverom på hemsen. 
Om vinteren kan du spenne på deg skia utanfor inngangsdøra og ungane kan leike i aktivitetsområdet ved senteret. Om sommaren er det tilgang til turløyper, toppturar, støylar og fiskevatn.

To rom med totalt 8 sengeplassar.
Eit rom med familiekøye, 2 eller 3 sengeplassar.
To rom på hemsen med 8 enkeltsenger, eventuelt ei dobbeltseng på kvart rom.





Annekset
Annekset er av eldre dato og inneheld fem soverom med køyseng og eit soverom med enkeltseng. Eit felles bad med dusj.

Prisar
Send oss gjerne ein forespørsel dersom du er interessert i å høyre meir om kva vi kan tilby av overnatting, konferansefasilitetar, mat og aktivitetar, samt prisar på dette.
Priser for å leie hovudhuset til dåp, konfirmasjon o.l.  er 5 000 kr per døgn (då får ein tilgang til bygget kl. 17 dagen før ved ledig kapasitet). Utvask kr 2 000, dersom ein ikkje vel å gjere dette sjølv.
Priser for leige av hytta er 1 600 kr per døgn. Eller 9 000 kr per veke.

Kontakt oss:
Naturlegaktiv.no
post@naturlegaktiv.no
Tlf: 90506157