GjeGass AFO
GjeGass Aktivitetsfritidsordning

«Superonsdag for 1. og 2.trinn»

Aktivitetsfritidsordning (AFO) er eit tilbod for elevar i 1. og 2. klasse, og er eit alternativ og supplement til skulen si SFO ordning.
Vi er mesteparten av dagen ute, og har fokus på leik, samarbeid, friluftsliv og kreativitet. I tillegg fokuserer GjeGass på sunt kosthald gjennom mat som barna sjølve er med på å lage.
Barna skal i AFO-tilbodet til GjeGass oppleve både utfordringar og meistring gjennom eit bredt utval av aktivitetar. Å ferdast i naturen skal pirre barna sin kreativitet og innebygde leik. Sunn, sjølvlaga mat, tilberedt på bål eller primus, enten i duskregn eller skinande sol, skal bli opplevingar og minner som barna vil hugse i lang tid.
Alle treng å bli sett, og vi har eit klart mål om å leite etter, finne og styrke kvart barn sine beste sider.
GjeGass veit at mange barn strevar med å sleppe taket i notida sine tekniske og sosiale inneaktivitetar. Derfor gjev vi barna eit avbrekk frå dette ved å bruke den fantastiske naturen som finst her i Stryn.

Kvar er vi?
GjeGass har 3 hovudbasar: Stryn Vinterski, Storesunde og Nordfjord Fritidssenter. Årstid og val av aktivitetar avgjer kvar vi vil vere. Dei gongane vi er på Nordfjord Fritidssenter blir borna frakta i buss til og frå Stryn.
Stryn Vinterski: Vi kjem til å gå turar i fjellet, plukke bær, lære om kart og kompass samt lage mat på ulike plassar. I tillegg har vi base her når snøen kjem og vi kan nytte oss av tautrekket til slalåm, aking og turar på langrenn.
Storesunde: Her er det flott uteområde som er tilrettelagt for leik i skulegården og området rundt. I tillegg vil vi nytte oss av gymsalen for aktivitetar som turn, ballspel og mykje meir.
Nordfjord Fritidssenter: Her har vi stor plass til både baking og inneleik. I tillegg har vi tilgang til villmarksleiren med gapahuk, aktivitetspark, hoppbakkar og slalåmtrekk som borna vil ha glede av. Stedet vil også bli brukt enkelte gongar i forbindelse med kajakkpadling, skøyter og fiske.

Korleis kan ein kombinere GjeGass AFO og den kommunale SFO-ordninga?
GjeGass AFO kan enkelt kombinerast med den kommunale SFO som har ulike timesintervaller.

Korleis føregår transport til og frå GjeGass?
Foreldre køyrer og hentar dei dagane vi er i nærleiken. Er vi Sagedammen, Ullsheim, Nordfjord Fritidssenter eller andre stadar, blir barna frakta med buss frå Stryn stadion og tilbake.

Hvem er der for barnet ditt?
Monica Beate Myklebust Hesjedal: Fysioterapeut og lærer fra Stryn
Astrid Elberg Thomsen: Biolog og lærer (idrett og friluftsliv)

Pris/ opningstid
Prisen er kr 1490.- per månad. Prisen inkluderer eit varmt måltid, frukt og rikeleg med aktivitet og frisk luft!
Vi er ope frå 07.30 til 16.30 alle onsdagar.
Vi følgjer skuleruta.

Påmelding: 
Mail: post@naturlegaktiv.no
Telefon: 41234314