Stryn Leirskule vinter
Program

Måndag: 
Bli kjent
Elevane blir møtt med lunsj når dei kjem til Stryn leirskule kl. 12.00. Etter lunsjen går vi gjennom program, reglar og generell info om veka. Lærarane blir igjen for å få branninnstruksar og gå brannrunde, medan elevane gjer seg klare til uteaktivitet. Vekas første aktivitetsøkt er skiteknikk, skileik og testing av skiutstyret utanfor leirskulebygga. Her blir vi kjent med kvarandre før vi går ein liten tur mot Sølvbergstøylen. Etter middag kan elevane velje om dei vil ha meir skileik, eller vere inne på leirskulen og spele brettspel eller for eksempel bordtennis!


Tysdag
«Survive»
For å «overleve» dagen må gruppene samle inn ein viss poengsum. Gruppene skal finne postar, samle poeng, rekne tid og ikkje minst samarbeide og hjelpe kvarandre. Her skal det brukast kart og kompass. Kjem di gruppe til å overleve? Heile dagen går føre seg i vakker natur i området bak leirskulen. Dette er ein dag som gir stort engasjement og mykje læring. Klokka 18 møter alle opp i matsalen for å hjelpe til med å stable bord og stolar og rigge til disco! 

Onsdag:
«Winter games»
Det er musikk på anlegget, felles innmarsj og ein enkel åpningssermoni. Med base i hoppbakken skal vi lage til leikar og konkurransar som vil utfordre balanse, samarbeid, tøffheit, koordinasjon og ikkje minst lattermusklane. Både ski, akebrett, luftgevær og ballar vil bli brukt for å løyse oppgåvene. Vi garanterer at alle skal oppleve meistring og glede denne dagen. Berre å glede seg! Vi tek lunsjen ute over opent bål. Etter lunsj kan ein velje mellom ulike aktivitetar og konkurransar. På kvelden blir det bingo med smakfulle premiar.

Torsdag
Topptur/skitur
Denne dagen prøver vi oss på Bergsetnakkjen som ligg 1133 moh. Ein flott tur som ved fint ver gir fantastisk utsikt og meistringsoppleving utan like. Dei som vil gå ein mindre krevjande tur, går på langrenn til Nåsekleiva som byr på fine langrennsspor heile vegen med ei flott utsikt over Nordfjorden. På kvelden blir det pizza til kvelds. Denne varmer vi enten inne, eller på bål utanfor huset. Elevane kan gjerne forberede underhaldningsbidrag som kan gjennomføres denne kvelden. Det kan vere eit underhaldningsbidrag per rom, eller at de delar dei inn på førehand slik det passar best for dykk. (Tips: Sketsj, song, dans, leik som varer nokre minutt.) Ein av lærarane tek ansvar for rullering av bidraga. 

Det er moglegheit for elevane å sove ute i gapahuk/villmarksleiren siste natta. Leirskulelærarane har ikkje høve til å vere med, så her må eigne lærarar trå til. 

Fredag:
Vi bruker siste dagen til pakking, rydding/vasking og uteleik. Vi avsluttar med lunsj før heimreise.