Bli med pĂĄ leirskule!
Naturleg meistring – Aktiv glede
Stryn Leirskule ligg i naturskjønne omgjevnader på Nordfjord Fritidssenter utanfor Stryn sentrum. Omringa av fjell, langrennsløyper, hoppbakkar, elvar og fjellvatn er det enkelt å finne utfordringar og få meistringsopplevingar.
Kvifor Stryn leirskule?
Nokre av leirskuleopplæringa sine verdiar og kva tilbodet ivaretek og fremjar:
Folkehelse og livsmeistring
Demokrati og medborgarskap
Berekraftig utvikling • Kulturformidling
Integrering
Sosial utjamning
Klassemiljø, skuletrivsel og førebygge skulefråfall
Sosial kompetanse
Førebygge og avdekke mobbing
Meistring, sjølvbilete og psykisk helse
Praktisk og verkelegheitsnær læring
Djupnelæring
Tilpassa opplæring
Naturferdsel
Opphald ved Stryn leirskule vil dekke fleire viktige kompetansemål frå Kunnskapsløftet 2020. Vidare følgjer ei oversikt over dei kompetansemåla vi dekker etter 7. trinn inndelt etter tverrfaglege tema.
-
Folkehelse og livsmeistring:
øve på samansette bevegelsar, åleine og saman med andre
gjennomføre aktivitetar ut frå eigne interesser og føresetnader i dans, friluftsliv, idrettsaktivitetar og andre bevegelsesaktivitetar
bruke kart, digitale verktøy og teikn i naturen til å orientere seg i natur og nærmiljø
forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel
Demokrati og medborgarskap:
utforske og gjennomføre leik og spel saman med andre i ulike bevegelsesaktivitetar
forstĂĄ og praktisere reglar for aktivitet og spel og respektere resultata
forstå ulikskapar mellom seg sjølv og andre og delta i bevegelsesaktivitetar som kan vere tilpassa ikkje berre eigne føresetnader, men òg andre sine
Berekraftig utvikling:
vurdere sikkerheit i uteaktivitet og naturferdsel
bruke nærmiljøet og utforske lokale kulturar for friluftsliv
gjere greie for allemannsretten under ferdsel og opphald i naturen
gjennomføre overnattingstur og reflektere over eigne naturopplevingar
-
Folkehelse og livsmeistring:
utforske korleis menneske i fortida livnærte seg
Berekraftig utvikling:
utforske korleis menneske i fortida livnærte seg
Skap minne for livet
Naturleg Aktiv camp for ungdomsskuleklasser, høgskuleklasser, teambuilding, m.m. Campane inneber overnatting på Nordfjord Fritidssenter, mat og ulike dagsaktivitetar.