Stryn Leirskule haust/vår
Program
Nedanfor følgjer program for eit 5-dagars opphald. 

Måndag: 
Bli kjent
Elevane blir møtt med lunsj når dei kjem til Stryn leirskule kl. 12.00. Etter lunsjen går vi gjennom program, reglar og generell info om veka. 

Vi går samla ein liten tur ut og blir godt kjent med kvarandre gjennom diverse aktivitetar og leikar.
På kvelden kan elevane spele volleyball, bordtennis, kort, brettspel eller berre nytte tida til å bli betre kjende.


Tysdag
«Survive»
For å «overleve» dagen må gruppene samle inn ein viss poengsum. Gruppene skal finne postar, samle poeng, rekne på tid og ikkje minst samarbeide og hjelpe kvarandre. Dei skal bruke kart og kompass, så det er lurt å følgje med på den opplæringa før vi startar. Kjem di gruppe til å overleve? Heile dagen går føre seg i vakker natur i fjellet bak og rundt leirskulen. Dette er ein dag som gir stort engasjement og mykje læring.  På kvelden kan elevane spele volleyball, bordtennis, kort, brettspel og det er òg mogleg å arrangere diskotek for dei som ønsker det.
 

Onsdag
«Farmen»
 Denne dagen er vi i Sagedammen som husar ei gammal oppgangssag, eit gammalt høvleri, ei gammal smie og ei etterlikning av ein gammal steinomn. Dagen startar med historieforteljing og konsert frå ein lokal musikar som tidlegare har vunne spellemannspris! I løpet av dagen skal elevane få lære seg å smi, bake pizza i steinomn, oppleve ei historisk reise, padle i kajakk og vere med på leikar/konkurransar, m.m. Er veret fint kan det bli moglegheit for bading. Ein lærerik og hyggeleg dag der fleire av dei lokale innbyggjarane bidreg med sin kunnskap og sine historier. 

På kvelden blir det bingo med smakfulle premiar!



Torsdag: 
Hydlaparken
I Hydlaparken blir de møtt av dyktige klatreinstruktørar som skal gje ei innføring og hjelpe til undervegs. I parken kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane og hyle deg gjennom zip lines. Dei tøffaste kan hoppe frå Hydlaspranget som rager 15 meter over bakken. Klatreløypene i Hydlaparken har ulik vanskegrad, frå lett til krevjande. Det er 7 ulike løyper med fargekodar oransje, grøn, blå og raud. Alle løypene har namn etter fjella rundt parken. 

Elevane kan gjerne forberede underhaldningsbidrag som kan gjennomførast denne kvelden. Det kan vere eit underhaldningsbidrag per rom, eller at de delar dei inn på førehand slik det passar best for dykk. (Tips: Sketsj, song, dans, leik som varer nokre minutt.) Ein av lærarane tek ansvar for rullering av bidraga. 

Det er moglegheit for elevane å sove ute i gapahuk/villmarksleiren siste natta. Leirskulelærarane har ikkje høve til å vere med, så her må eigne lærarar trå til.

Les meir om Hydlaparken her: https://www.hydlaparken.no/

Fredag:
Avreise
Etter frukost er det mogleg å lage seg nistepakke for dei som skal reise langt. Vi bruker siste tida til pakking, rydding/vasking og romsjekk med avmelding. 

Om det vert tid, kan elevane leike ute før heimreise kl.12.00.