Utleige
På Nordfjord Fritidssenter har vi tre bygg tilgjengeleg for leige. Det er mogleg å leige heile anlegget eller delar av det.

Om vinteren kan du spenne på deg skia utanfor inngangsdøra og ungane kan leike i aktivitetsområdet ved senteret. Om sommaren er det tilgang til turløyper, toppturar, støylar og fiskevatn.

Vidare følgjer litt meir informasjon om dei ulike bygga.

Vangenstova
Vangenstova vart bygd i 1994 og fleire av romma har blitt pussa opp sidan. Nytt kjøkken i 2020. Vangenstova inneheld festsal, opphaldsrom, aktivitetsrom, garderobar, kjøkken og soverom.

Soverom: 28 sengeplassar fordelt på 5 rom. Her av fire familierom med 6 sengeplassar kvar og eitt rom med 2 sengeplassar.
Bad/garderobar: 3 toalett, 2 bad med dusj og 2 garderobar inkl. toalett og dusj
Sengetøy: Bygga er utstyr med dyner og puter. Leigetakar må ha med sengetøy sjølv.
Hytta
Hytta vart bygd i 2011. Hytta inneheld stove, kjøkken, bad og soverom.

Soverom: 19 sengeplassar fordelt på 5 rom. Her av tre soverom på hovudplan og to soverom på hems. 
Bad: eitt felles bad med dusj
Sengetøy: Bygga er utstyr med dyner og puter. Leigetakar må ha med sengetøy sjølv.

Annekset
Annekset inneheld stove, kjøkken, bad og soverom.
Soverom: 19 sengeplassar fordelt på 9 rom. Her av 7 rom med ei køyseng, eitt rom med to køysenger og eit enkeltrom.
Bad: eitt felles bad med dusj
Sengetøy: Bygga er utstyr med dyner og puter. Leigetakar må ha med sengetøy sjølv.

Prisar
Ta kontakt for prisar.

Kontakt oss:
Naturlegaktiv.no
post@naturlegaktiv.no
Tlf: 91 15 59 56