Stryn leirskule
Stryn leirskule ligg i naturskjønne omgjevnader på Nordfjord Fritidssenter utanfor Stryn sentrum.
Omringa av fjell, langrennsløyper, hoppbakkar, elvar og fjellvatn er det enkelt å finne utfordringar og få meistringsopplevingar.
Tilknytt leirskulen har vi laga ein villmarksleir med gapahuk og grillplass. Hos oss skal alle bli møtt med respekt og likeverd.
Våre erfarne lærarar er opptekne av tryggleik og viser omsorg og engasjement for elevane. Frå frukost til kvelds er det minst ein tilsett frå leirskulen tilgjengeleg.
Kapasitet: ca. 70 plassar
Sesongar: Vår, haust og vinter
Varigheit: måndag til fredag eller tysdag til fredag
Tilgjengelegheit: ca 20 minutt utanfor Stryn sentrum
Program for eit 5-dagars opphald
Vår/haust
-
Elevane blir møtt med lunsj når dei kjem til Stryn leirskule kl. 12.00. Etter lunsjen går vi gjennom program, reglar og generell info om veka.
Vi går samla ein liten tur ut og blir godt kjent med kvarandre gjennom diverse aktivitetar og leikar.
På kvelden kan elevane spele volleyball, bordtennis, kort, brettspel eller berre nytte tida til å bli betre kjende. -
For å «overleve» dagen må gruppene samle inn ein viss poengsum. Gruppene skal finne postar, samle poeng, rekne på tid og ikkje minst samarbeide og hjelpe kvarandre. Dei skal bruke kart og kompass, så det er lurt å følgje med på den opplæringa før vi startar. Kjem di gruppe til å overleve? Heile dagen går føre seg i vakker natur i fjellet bak og rundt leirskulen. Dette er ein dag som gir stort engasjement og mykje læring. På kvelden kan elevane spele volleyball, bordtennis, kort, brettsspel, og det blir arrangert bingo med smakfulle premiar.
-
Denne dagen er vi i Sagedammen som husar ei gammal oppgangssag, eit gammalt høvleri, ei gammal smie og ei etterlikning av ein gammal steinomn. Dagen startar med historieforteljing og konsert frå ein lokal musikar som tidlegare har vunne spellemannspris! I løpet av dagen skal elevane bake pizza i steinomn, oppleve ei historisk reise, padle i kajakk og vere med på leikar/konkurransar, m.m. Er veret fint kan det bli moglegheit for bading. Ein lærerik og hyggeleg dag der fleire av dei lokale innbyggjarane bidreg med sin kunnskap og sine historier.
På kvelden blir det arragngert spel og leikar ute, evt. musikk quiz inne. -
I Hydlaparken blir de møtt av dyktige klatreinstruktørar som skal gje ei innføring og hjelpe til undervegs. I parken kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane og hyle deg gjennom zip lines. Dei tøffaste kan hoppe frå Hydlaspranget som rager 15 meter over bakken. Klatreløypene i Hydlaparken har ulik vanskegrad, frå lett til krevjande. Det er 7 ulike løyper med fargekodar oransje, grøn, blå og raud. Alle løypene har namn etter fjella rundt parken.
Elevane kan gjerne forberede underhaldningsbidrag som kan gjennomførast denne kvelden. Det kan vere eit underhaldningsbidrag per rom, eller at de delar dei inn på førehand slik det passar best for dykk. (Tips: Sketsj, song, dans, leik som varer nokre minutt.) Ein av lærarane tek ansvar for rullering av bidraga.
Det er moglegheit for elevane å sove ute i gapahuk/villmarksleiren siste natta. Leirskulelærarane har ikkje høve til å vere med, så her må eigne lærarar trå til.
Les meir om Hydlaparken her: https://www.hydlaparken.no/ -
Etter frukost er det mogleg å lage seg nistepakke for dei som skal reise langt. Vi bruker siste tida til pakking, rydding/vasking og romsjekk med avmelding.
Om det vert tid, kan elevane leike ute før heimreise kl.12.00.
Pris
Pris per elev - 5 dagar og 4 overnattingar: kr 3000,-
Pris per elev - 4 dagar og 3 overnattingar: kr 2800,-
Dette er pris for kost, losji, inngangsbillettar og transport ifm aktivitetar, og blir fakturert besøkande skular. Denne fakturaen vil dykk motta frå Naturleg Aktiv AS.
I tillegg til dette kjem undervisningsutgifter (refusjonsgaranti) Stryn kommune har ifm ei leirskuleveke. Dette blir fakturert til brukarkommunen. Satsen per elev er kr. 1600,- for 5 dagars veker og 1400,- for 4 dagars veker. Dette blir fakturert frå Stryn kommune.
Når de bestiller ei leirskuleveke, mottek de ein mail frå oss med stadfestingsbrev og refusjonsgaranti. Desse må fyllast ut, signerast og returnerast.
Program for eit 5-dagars opphald
Vinter
-
Elevane blir møtt med lunsj når dei kjem til Stryn leirskule kl. 12.00. Etter lunsjen går vi gjennom program, reglar og generell info om veka. Lærarane blir igjen for å få branninnstruksar og gå brannrunde, medan elevane gjer seg klare til uteaktivitet. Vekas første aktivitetsøkt er skiteknikk, skileik og testing av skiutstyret utanfor leirskulebygga. Her blir vi kjent med kvarandre før vi går ein liten tur mot Sølvbergstøylen. Etter middag kan elevane velje om dei vil ha meir skileik, eller vere inne på leirskulen og spele brettspel eller for eksempel bordtennis!
-
For å «overleve» dagen må gruppene samle inn ein viss poengsum. Gruppene skal finne postar, samle poeng, rekne tid og ikkje minst samarbeide og hjelpe kvarandre. Her skal det brukast kart og kompass. Kjem di gruppe til å overleve? Heile dagen går føre seg i vakker natur i området bak leirskulen. Dette er ein dag som gir stort engasjement og mykje læring. Klokka 18 møter alle opp i matsalen for å hjelpe til med å stable bord og stolar og rigge til disco!
-
Det er musikk på anlegget, felles innmarsj og ein enkel åpningssermoni. Med base i hoppbakken skal vi lage til leikar og konkurransar som vil utfordre balanse, samarbeid, tøffheit, koordinasjon og ikkje minst lattermusklane. Både ski, akebrett, luftgevær og ballar vil bli brukt for å løyse oppgåvene. Vi garanterer at alle skal oppleve meistring og glede denne dagen. Berre å glede seg! Vi tek lunsjen ute over opent bål. Etter lunsj kan ein velje mellom ulike aktivitetar og konkurransar. På kvelden blir det bingo med smakfulle premiar.
-
Denne dagen prøver vi oss på Bergsetnakkjen som ligg 1133 moh. Ein flott tur som ved fint ver gir fantastisk utsikt og meistringsoppleving utan like. Dei som vil gå ein mindre krevjande tur, går på langrenn til Nåsekleiva som byr på fine langrennsspor heile vegen med ei flott utsikt over Nordfjorden. På kvelden blir det pizza til kvelds. Denne varmer vi enten inne, eller på bål utanfor huset. Elevane kan gjerne forberede underhaldningsbidrag som kan gjennomføres denne kvelden. Det kan vere eit underhaldningsbidrag per rom, eller at de delar dei inn på førehand slik det passar best for dykk. (Tips: Sketsj, song, dans, leik som varer nokre minutt.) Ein av lærarane tek ansvar for rullering av bidraga.
Det er moglegheit for elevane å sove ute i gapahuk/villmarksleiren siste natta. Leirskulelærarane har ikkje høve til å vere med, så her må eigne lærarar trå til.
-
Vi bruker siste dagen til pakking, rydding/vasking og uteleik. Vi avsluttar med lunsj før heimreise.
Pris
Pris per elev - 5 dagar og 4 overnattingar: kr 3000,-
Pris per elev - 4 dagar og 3 overnattingar: kr 2800,-
Dette er pris for kost, losji, inngangsbillettar og transport ifm aktivitetar, og blir fakturert besøkande skular. Denne fakturaen vil dykk motta frå Naturleg Aktiv AS.
I tillegg til dette kjem undervisningsutgifter (refusjonsgaranti) Stryn kommune har ifm ei leirskuleveke. Dette blir fakturert til brukarkommunen. Satsen per elev er kr. 1600,- for 5 dagars veker og 1400,- for 4 dagars veker. Dette blir fakturert frå Stryn kommune.
Når de bestiller ei leirskuleveke, mottek de ein mail frå oss med stadfestingsbrev og refusjonsgaranti. Desse må fyllast ut, signerast og returnerast.