Bli med på leirskule!

Naturleg meistring – Aktiv glede

Stryn Leirskule ligg i naturskjønne omgjevnader på Nordfjord Fritidssenter utanfor Stryn sentrum. Omringa av fjell, langrennsløyper, hoppbakkar, elvar og fjellvatn er det enkelt å finne utfordringar og få meistringsopplevingar.

Kvifor Stryn leirskule?

Nokre av leirskuleopplæringa sine verdiar og kva tilbodet ivaretek og fremjar:

  • Folkehelse og livsmeistring

  • Demokrati og medborgarskap

  • Berekraftig utvikling • Kulturformidling

  • Integrering

  • Sosial utjamning

  • Klassemiljø, skuletrivsel og førebygge skulefråfall

  • Sosial kompetanse

  • Førebygge og avdekke mobbing

  • Meistring, sjølvbilete og psykisk helse

  • Praktisk og verkelegheitsnær læring

  • Djupnelæring

  • Tilpassa opplæring

  • Naturferdsel

Opphald ved Stryn leirskule vil dekke fleire viktige kompetansemål frå Kunnskapsløftet 2020. Vidare følgjer ei oversikt over dei kompetansemåla vi dekker etter 7. trinn inndelt etter tverrfaglege tema.

Skap minne for livet

Naturleg Aktiv camp for ungdomsskuleklasser, høgskuleklasser, teambuilding, m.m. Campane inneber overnatting på Nordfjord Fritidssenter, mat og ulike dagsaktivitetar.