Torsdag:
Hydlaparken I Hydlaparken blir de møtt av dyktige klatreinstruktørar som skal gje ei innføring og hjelpe til undervegs. I parken kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane og hyle deg gjennom zip lines. Dei tøffaste kan hoppe frå Hydlaspranget som rager 15 meter over bakken. Klatreløypene i Hydlaparken har ulik vanskegrad, frå lett til krevjande. Det er 7 ulike løyper med fargekodar oransje, grøn, blå og raud. Alle løypene har namn etter fjella rundt parken.
Elevane kan gjerne forberede underhaldningsbidrag som kan gjennomførast denne kvelden. Det kan vere eit underhaldningsbidrag per rom, eller at de delar dei inn på førehand slik det passar best for dykk. (Tips: Sketsj, song, dans, leik som varer nokre minutt.) Ein av lærarane tek ansvar for rullering av bidraga.
Det er moglegheit for elevane å sove ute i gapahuk/villmarksleiren siste natta. Leirskulelærarane har ikkje høve til å vere med, så her må eigne lærarar trå til.
Les meir om Hydlaparken her:
https://www.hydlaparken.no/